Ensemble Allegria - eit ungt og friskt initiativ
Kammerorkesteret Ensemble Allegria er sett saman av musikkstudentar frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole.
Dei har jobba med Morten Carlsen, Geir Inge Lotsberg og Are Sandbakken som instruktørar, og vert elles leia av konsertmeister Maria Angelika Carlsen. Blant solistane dei har samarbeidd med, kan nemnast Tine Thing Helseth, Christian Ihle Hadland, Anders Kjellberg Nilsson og Caroline Eidsten Dahl. Kammerorkesteret har delteke ved Griegfestivalen i Arendal dei tre siste åra. Dei har og ved fleire høve vore med i konsertserien Cafe de Concert.

