Konsterarenaer

Eidfjord

Galleri N. Bergslien

Galleriet inneheld samlinga etter kunstmålar Nils Bergslien (1853-1928). Han var ein norsk målar, teiknar, illustratør og bilethoggar.

Gamle Eidfjord kyrkje

Eidfjord kyrkje vart truleg bygd i 1309, og i 2009 vart 700-års jubileet markert ved fleire høve, m.a. under Hardanger Musikkfest.

Mosstova, Vik pensjonat, Eidfjord

Mosstova var ein stad familien møtte kvarandre for matlaging, vanlegvis rundt ein stor eldstad. Tenk deg ein kjøleg haustdag då familien kom saman i si "mosstove”, for å fordela oppgåver, dela ein god historie og ein latter medan ein førebudde ulike matvarer til den komande vinteren. Denne atmosfæren er godt teke vare på i Mosstova på Vik pensjonat.

Sima Kraftstasjon

Sima Kraftstasjon ligg ca 6 km frå Eidfjord sentrum. Reguleringsområdet er delt i to, Lang-Sima og Sy-Sima.

Odda

Iris, Odda

Iris Scene ligger sentralt plassert i Odda sentrum. Lokalet blir brukt til konserter, møter, plateklubb og utleie for private arrangementer.

Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Tysso I er det første freda kraftanlegget i Noreg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag.

Lilletopp, Vaktarbustad og fordelingsbasseng

Lilletopp er ei husklynge på toppen av rørgata som er synleg frå riksvegen gjennom Tyssedal, og er eit viktig kulturminne for kraftproduksjonen i Tyssedal.

Litteraturhuset, Odda

Sentralbadet Litteraturhus ligg ved porten til Smelteverket. Litteratursymposiet i Odda, sporadiske kulturarrangement og møte-/ selskapslokale.

Odda kino

Odda kino er kommunens storstue og filmscene. Her arrangeres verdenspremierer, norgespremierer, teaterforestillinger, konserter og konferanser.

Odda kyrkje

Odda kyrkje står i Odda sentrum i Odda kommune i Hordaland fylke og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870. Ho står på odden mellom utlaupet til elva Opo og inste delen av Sørfjorden og er soknekyrkje i Odda sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja.

Smelt, Odda

I 1908 var Odda Smelteverk Europas største fabrikk. Dette gjør caféen til en veldig spesiell del av Odda. Gjester føler til tider de befinner seg et helt annet sted når de er her.

Ullensvang

Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Ekspedisjonen Skjenkestove ligg i Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvollbygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for "pub". Dei har eige bryggeri, held ope kvar helg heile året, og arrangerer kvissar, konsertar og andre energigivande arrangement.

Fjordahallen, Kinsarvik

Den store, flotte fleirbrukshallen i Kinsarvik sto ferdig i 2015.

Hardanger Gjestegard

Hardanger Gjestegard er bygd opp i lokala til eit tidlegare frukt- og bærpresseri frå 1898.

Hardangerhallen, Lofthus

Hardangerhallen er ein tennishall med glasvegger som gjev ein fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Her vert det bygd opp ei scene, og ein del av publikum kan sitja i amfi.

Jåstadstova

Denne røykstova frå mellomalderen stod opprinneleg på garden Jaastad på andre sida av Sørfjorden.

Kinsarvik kyrkje

Kinsarvik kyrkje er den eldste steinkyrkja i Hardanger. Ho er bygd i åra 1150-1160.

Krossvoll, Lofthus

Krossvoll er ungdomshuset i Lofthusbygda. Huset vart opna i 1901 og festsalen er rikt dekorert.

Lagmannsstova i Agatunet

Agatunet er eitt av dei få vestlandske klyngetuna som enno er att. Dei fleste husa i tunet er frå 1811-1850, men mange er mykje eldre.

Skredshaugen, Lofthus

Skredhaugen er eit friluftsmuseum eit par kilometer nord for Lofthus, i Ullensvang herad. Muséet består av ei samling gamle trehus som er laga i den tradisjonelle stilen som var vanleg i hardangerbygdene for 100 - 200 år sidan.

Skrivargarden, Lofthus

Skrivarstova ligg i den gamle Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider.

Ullensvang kyrkje

Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygd før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300.

Utne kyrkje

Utne kyrkje vart bygd i åra 1892 til 1895, og arkitekt var den kjende Peter A. Blix. Han har mellom anna restaurert Håkonshallen i Bergen og to gamle kyrkjer i Vik i Sogn.