Konsertarenaer
Vis større kart »
Lagmannsstova i Agatunet

Agatunet er eitt av dei få vestlandske klyngetuna som enno er att.
Dei fleste husa i tunet er frå 1811-1850, men mange er mykje eldre. Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rundt 1250 av riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson. Lagmannsstova var bygd som eit "byhus", og skulle brukast som representasjonsbustad. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg.
Hardanger Gjestegard

Hardanger Gjestegarder er bygd opp i lokala til eit tidlegare frukt- og bærpresseri frå 1898. Hovudbygning, kårhus, naust og 2 kvernhus vart restaurert i byrjing på 1990-talet og dei tok imot den fyrste gjesten i 1994. Seinare vart sjøbua teken i bruk. Gjestegarden er tildelt byggjeskikkpris frå Ullensvang herad, diplom frå Fortidsminne-foreningen og påskjøning frå Norsk Kulturråd.
Skrivargarden
Skrivarstova ligg i Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider. Sorenskrivaren var ein av fire embetsmenn som på statens vegne stod for det meste av det lokale styre og stell i Noreg. I tilegg kom futen, kapteinen og presten. Dette var ein elitekultur, med sterke band til Europa, og det viser att på stilen på bygningen som vart reist på slutten av 1700-talet. Dette huset, som stod nokre hundre meter lenger nord, vart rive, men teke vare på og seinare reist her det no står. Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid for å føra det tilbake til slik det eingong var. Huset er i privat eige.
Jåstadstova
Denne røykstova frå mellomalderen stod opprinneleg på garden Jaastad på andre sida av Sørfjorden. Den vart flytta hit til Hardanger Folkehøgskule i 1925. Garden Jaastad var i si tid eit kultursenter, og det var her den fyrste hardingfela vart laga i 1651. Så her sit både røyken og felespelet i veggene.
Skredhaugen

Skredhaugen er eit sjarmerande og levande kunst- og kulturhistorisk museumstun. Her finn ein privatsamlinga etter kunstnaren Bernhard Greve og kona hans Ingrid, og her er òg ei stor samling norsk biletkunst etter læraren og forfattaren Jon Bleie. Greve kjøpte Skredhaugen i 1918. Hit flytta han fleire gamle hus frå ulike gardar i Sørfjorden og fylte dei med gamalt innbu, reiskapar, bruksting og prydting.
Ullensvang kyrkje

Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygd før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300. Kyrkja er bygd i stein. Stilen er engelsk gotikk med spissbogar. Murane i skipet er opp til 1,4 m tjukke. Ei segn fortel at det var ein skotsk murmeistar som bygde kyrkja, og på austveggen av kyrkja ser me tre menneskehovud, og desse skal vera murmeistaren og sønene hans. Tårnet vart bygd rundt 1890. Kyrkja har ein fantastisk akustikk og har vore nytta til CD-innspelingar.
Eidfjord Gamle kyrkje

Eidfjord kyrkje vart truleg bygd i 1309, og i 2009 vert 700-års jubileet markert ved fleire høve, m.a. under Hardanger musikkfest. Kyrkja var vigd til apostelen Jakob den eldre, men ein trur at det stod ei stavkyrkje her før den tid. Truleg har steinkyrkja vorte bygd omkring stavkyrkja medan denne framleis stod. Segna seier at det er den råderike og mektige Rike-Ragna som har reist kyrkja for å sona syndene sine. Slik kyrkja i Eidfjord står, har ho stått i nær 600 år, men då utan tårn. Det kom til seinare.
Kraftstasjonen i Tyssedal, Tysso I

Tysso I er Noregs første freda kraftanlegg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Det framstår no nyoppussa, mektig og flott. Konsertar i Tysso I der dei gamle turbinane enno står, er ei spesiell oppleving. Klangen minnar om dei store katedralane i Europa. Akustikken har svært lang etterklang og stiller heilt spesielle krav til utøvarane.
Konsertsalar på Hotel Ullensvang

Hardangerhallen er ein tennishall med glasvegger som gjev ein fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Her vert det bygd opp ein scene, og ein del av publikum kan sitja i amfi. Hallen kan romma omlag 700 personar.
Komponisten har fått sitt namn etter Edvard Grieg som fleire somrar budde på hotellet. På Lofthus skreiv han og fleire av sine komposisjonar, og inne i salen ligg eit teppe med notane til dei fyrste tonane av Våren vevd inn.
Krossvoll

Krossvoll er ungdomshuset i Lofthusbygda. Huset vart opna i 1901 og festsalen er rikt dekorert. Den flotte treskurden er utført av treskjeraren Lars Kinsarvik. Han heldt til i Kinsarvik der han hadde skule for treskurd. Då Bjørnstjerne Bjørnson vitja Lofthus fyrst på 1900-talet, heldt han tale her. Huset er seinare ombygd og restaurert og vert idag nytta både til brudlaup, møter og kino.
Vandring i Lofthusbygda

Verten på Hotel Ullensvang, direktør Edmund H. Utne, tek publikum med på vandring i Lofthusbygda. Der går ein stiane der Edvard Grieg vandra og henta inspirasjon til nokre av sine mest kjende verk, mellom anna Våren og Holbergsuiten. Undervegs vert det musikkopplevingar og andre innslag, og vandringa vert avslutta med ein konsert i "Komponisten".
Ekspedisjonen skjenkestove

Ekspedisjonen Skjenkestove ligg på Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvoll bygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for "pub". Men Ekspedisjonen er òg ein cafè, med lett matservering, rikhaldig barista - meny, hardangersider, øl og vin.

