Hovudsponsor:

Statkraft

NorskEnglish

Historikk

Skriv ut

Hardanger musikkfest - en drøm som ble virkelighet....

Musikerens drøm er å finne et egnet sted der man kan samle venner for å spille kammermusikk, og håpe at noen vil høre på. Jeg hadde hørt om Edvard Griegs tilknytning til Hardanger og Ullensvang og de spor han hadde etterlatt seg der. Jeg dro på befaring og mitt inntrykk var at stedet hadde alle de forutsetninger en festival kan drømme om. Det lokale engasjementet, omgivelsene, de mange mulige konsertstedene, med Hotel Ullensvang som midtpunkt, alt sammen tok mitt sinn og hjerte med storm. Jeg så for meg en musikkfest, der den fysiske nærhet mellom utøvere og publikum ville kunne gi en enestående kunstnerisk totalopplevelse.

Kunstnarisk leiar Stig Nilsson ved 10 års jubileet i 2005

Og så var me igang....

I 1996 tok Konsertmester Stig Nilsson i Oslo Filharmoniske orkester med seg sine musikar-vener og inviterte til dei fyrste konsertane på Hotel Ullensvang. Konsertane vart ein suksess, og Hardanger Musikkfest var etablert.
Alt frå starten var musikkfesten eit samarbeid med Ullensvang herad, og heradet såg straks at dette var noko dei ynskte å ta del i. Eigentleg var det ei gåvepakke. Her kom ein etablert og engasjert musikar til bygda og tilbaud eit samarbeid for å få på beina ein kammermusikkfestival. Han ynskte å knyta band mellom Hardanger sine folkemusikktradisjonar og kammermusikken. Og sjølvsagt ville Edvard Grieg, som fleire somrar vitja Hardanger og Lofthus, få ein viktig plass i Hardanger Musikkfest.

Ein vidtfemnande festival

Etter kvart som Hardanger Musikkfest utvikla seg, var det og naturleg å leggja konsertar til nabokommunane Odda og Eidfjord. Og dei ville svært gjerne vera med, og såleis har musikkfesten spreidd seg utover til store delar av Indre Hardanger, frå Fossli på kanten av Vøringsfossen til smelteverkstomta i Odda, frå Lofthusbygda ved Sørfjorden til Alvsåker ved Samlafjorden.
Og det som starta med eit par konsertar vaks til ein festival med 25-30 konsertar.

Intimitet og nærleik

Ullensvang har ingen salar som er særskilt bygde for konsertar, og slike salar har heller ikkje nabokommunane. Men me har utruleg mange spennande lokale som kan nyttast i konsertsamanheng. Og kanskje dette er ein av grunnane til at så mange gjester kjem att år etter år.
Her kan ein oppleva konsertar i gamle stover der tradisjonane sit i veggene og i hallar skapt av industrien; i kyrkjer frå mellomalderen og i fjellholer; i små, intime rom med berre ei handfull tilhøyrarar til store hallar med hundrevis av menneske.
Som musikalsk leiar og ansvarleg for programmet, har Stig Nilsson lagt vekt på å skapa ein festival der nettopp nærleik og god kontakt mellom publikum og musikarar vert vektlagt. Her kan publikum gje uttrykk for si begeistring direkte til musikarane, enten det skjer på vegen ut frå konserten eller ved frukostbordet neste dag.

Inspirasjon og kvalitet

Musikkfesten har ei fin blanding av eldre og nyare musikk, og me har hatt ei rekkje urframføringar. Stig Nilsson har henta inn artistar frå inn-og utland, der kjenneteiknet alltid har vore høg kvalitet. Programmet er slik komponert at dei får spela saman i ulike samansetjingar og utøva musikk frå ulike periodar. Det er utfordrande for musikarane og gjev inspirasjon og speleglede, noko som publikum merkar og tilkjennegjev.
Og at musikarane likar seg på Hardanger Musikkfest ser me, og høyrer me. Mange av dei har vore her fleire gonger, og dei gjev uttrykk for at dei gjerne vil koma tilbake.

Frå folkemusikk via tango og ballett til jazz

Sjølv om Hardanger Musikkfest er ein kammermusikkfestival, har programmet vist stor breidde.
For ein musikkfest som ligg midt i ein region med sterke folkemusikktradisjonar, er det naturleg at folkemusikken får sin plass. Hardanger musikkfest har henta inn tradisjonsberarar frå eige distrikt, men og utanfrå. Me kan nemna Knut Buen, Hallvard Bjørgum, Knut Hamre, Åse Teigland og Kirsten Bråten Berg.
I fleire år har ballettdansarar frå Nasjonalballetten vitja musikkfesten med utdrag frå ulike ballettar, og mellom ballettdansarane finn me Ingrid Lorentzen, Richard Suttie og Maiko Nishino. Tangodansarar frå Argentina har skapt søramerikansk stemning saman med bandenoisten Per Arne Glorvigen. Jazzgrupper som Tord Gustavsen Trio og Jan Garbarek Group har vitja musikkfesten, og på utekonserten med den sistnemnde vart det sett publikumsrekord med 1400 tilhøyrarar.

Ung profil

Sjølv om Hardanger Musikkfest har hatt vitjing av mange godt etablerte musikarar, har programmet alltid vore prega av eit stort innslag av unge og talentfulle musikarar. I mange år har Hardanger Musikkfest hatt eit godt samarbeid med Barratt Dues Musikkinstitutt. Unge talent herifrå har vore festivalorkester, og fleire av dei som no gjer det godt i konkurransar både her heime og ute, var med og spelte på musikkfesten alt då dei var 6-8 år gamle. Me har og hatt vitjing av Edsbergs kammarorkester frå Sverige, som består av talentfulle musikkstudentar frå Sverige, men og frå andre land. I 2008 var Musikkhøgskolens kammersolister vårt festivalorkester. Dette orkesteret består av lovande, unge musikarar som er igang med master eller diplomstudiet. Og i 2009 kjem studentar frå the Razumovsky academy i London.

Lokale krefter

Hardanger Musikkfest har alltid lagt vekt på å nytta lokale musikkrefter; kor og skulemusikklag, felespelarar og kvedarar. Særskilt nemner me Ullensvang skulemusikklag som har vore med på Hardanger Musikkfest i alle år, med unntak av eitt. Medlemene her har opplevd å spela saman med våre fremste musikarar og songarar, t.d Arve Tellefsen, Ole Edvard Antonsen, Leif Arne Pedersen, Ann - Helen Moen og Lars Klevstrand. Og saman med andre korps har dei hatt seminar med Brazz Brothers fleire gonger.
Men og korseminar og samarbeid med kantor i kyrkja og dirigentar for lokale kor har gjeve resultat i form av flotte konsertar.

Skulekonsertar

Det er viktig for Hardanger Musikkfest at skulekonsertar alltid skal vera eit fast innslag i programmet. Elevar på skulane i Ullensvang, Eidfjord og Odda får kvart år tilbod om å ta del, og vanlegvis har me tilbod både i Odda og Ulllensvang, medan elevane frå Eidfjord kjem til Lofthus. Tilboda varierer frå orkesterkonsertar til konsertar med mindre grupper. Og me ynskjer at elevane skal koma til ein konsertsal og oppleva noko som er annleis enn ein konsert arrangert på skulen.

Tidlegare medverkande

Hardanger Musikkfest har hatt vitjing av ei rekkje verdskjende musikarar og songarar. Av utanlandske namn kan nemnast Sir James Galway, Vladimir og Dimitri Ashkenazy, Jean-Yves Thibaudet, Christian Lindberg, Daniel Müller-Schott, Håkan Hagegård og Frans Helmerson..
Og mellom dei norske finn me i tillegg til dei som er nemne ovanfor, Truls Mørk, Leif Ove Andsnes, Henning Kraggerud, Solveig Kringlebotn, Randi Stene, Johannes Weisser og skodespelarar som Liv Dommersnes, Lise Fjeldstad og Espen Skjønberg. Og me må ikkje gløyma "våre eigne" som Arild Helleland, Geir Botnen og Liv Bernhoft Osa.
Av orkester kan nemnast Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester, Trondheimsolistene og Den Kgl Norske Marines Musikkorps; og kammermusikkgrupper som Oslo strykekvartett, Vertavokvartetten, Oslo trio og Grieg Trio. Nokre av desse har gjesta oss fleire gonger, og det same har vokalgruppene Nordic Voices og Trio Mediæval.

Ein ny generasjon kjem til

Stig Nilsson har vore kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest frå starten i 1996. Frå 2008 har sonen Anders Kjellberg Nilsson gått inn og deler på ansvaret med far sin. Anders avslutta i 2008 diplomstudiet sitt ved Norges Musikkhøgskole. Han er med i Rikskonsertenes lanseringsprogram INTRO-klassisk 2008 - 09, og han har vunne ei rekkje prisar for sitt fiolinspel, seinast Prinsesse Astrids Musikkpris.