Hovudsponsor:

Statkraft

NorskEnglish

Oppsummering 2009

Skriv ut

Pinsehelg med varme, musikalske høgdepunkt og over 120 gjestande musikarar.

Kjære publikum, utøvarar, samarbeidspartar, sponsorar og medhjelparar !

Hardanger Musikkfest er over for denne gong, og me kan igjen sjå tilbake på ei strålande pinsehelg. Ei helg med sol og varme og full av musikalske høgdepunkt. Over 120 musikarar har gjesta musikkfesten i 2009, og publikumstalet er på over 4.000.

Som arrangør vil me retta ei stor takk til vårt trufaste publikum, gode samarbeidspartar, sponsorar og medhjelparar.

Den tradisjonelle opningsseremonien vart i år etterfylgd av Kringkastingsorkesteret. Dette orkesteret er utan tvil Noregs mest kjende orkester og det var derfor ekstra hyggeleg at det endeleg klaffa slik at dei og kunne gjesta oss. Ein flott konsert der dirigenten Andrew Manze var med og gav publikum ei ekstra oppleving. Diverre vart Truls Mørk sjuk og me måtte finna erstattarar til dei konsertane der han skulle delta. Men merk dykk namna Andreas Brantelid og Frida Fredrikke Waaler Wærvågen. De vil nok høyra meir frå desse to ungdomane.

Hardanger Musikkfest har alltid vektlagt deltaking av unge musikarar. På årets festival var denne gruppa i stort fleirtal, og me fekkk stadfesta at dei unge talenta står i kø. Ein av desse unge, den 14 år gamle pianisten Julie Ye, fekk Statkraft sitt Young Star stipend for 2009. Dei norske og utanlandske unge musikarane som me fekk oppleva desse dagane, er morgondagens stjerner. Me takkar Festspillene i Bergen og Razumovsky akademiet for godt samarbeid, slik at også me fekk høve til å presentera dei framstormande ungdomane på våre konsertar. Me fekk og høyra Oleg Kogan, Lars Anders Tomter og Henning Kraggerud som utgjorde Razumovsky Ensemble. Nemnast må og Simon Trpceski, den brilliante makedonske pianisten som gjesta oss i år, og som er svært etterspurd som solist for dei fremste orkestra i verda.

Det er nesten ikkje til å tru at solodansarane frå The Shanghai Ballet Company ville ta imot invitasjonen vår og koma eins ærend for å dansa si einaste framsyning i Noreg her i Hardanger. Og dei knappe 500 som fekk gleda av å oppleva desse eineståande dansarane i ein fullsett Simahall i Eidfjord, var fulle av lovord. Ord som fantastisk, utruleg, vakkert og imponerande sat laust denne kvelden.

Trio Mediæval og Arve Henriksen gjorde stor lukke med flotte konsertar i Tyssedal, på Agatunet og i Eidfjord gamle kyrkje. Og på Lilletopp tok Frode Grytten og Morten Qvenild publikum med på ei reise gjennom "Det første rommet". Det er alltid kjekt å presentera dyktige lokale musikarar. I år var det Lajla B. Storli, John Ole Morken, Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne. Den sistnemde introduserte toradaren i musikkfest samanheng. Og så var sjølvsagt Ullensvang skulemusikklag med, og denne gongen spela dei saman med Tine Thing Helseth.

Den sprudlande og dyktige sopranen Eir Inderhaug fekk publikm møta i mange samanhengar og til stor begeistring. Gjensyn med Håvard Gimse var det og mange som såg fram til, og saman med Henrik Mestad gav dei publikum ei uforgløymeleg stund i Skrivarstova. Eit nytt møte var søstrene Catharina og Sara Chen, dyktige fiolinistar som mange sikkert har sett på TV, og som hjå oss m.a. gav utekonsert i det vakre sommarveret på Hardanger Gjestegard. Og Kammer Allegria, dyktige musikkstudentar frå Norges Musikkhøgskole, deltok på fleire konsertar.

Også i år viste Hardanger Musikkfest att utanom dei faste konsertarenaene. Det var musikkinnslag på Isklar-dagen, på Open dag i Sorenskrivargarden, på Kinsarvik Fjordhotel og utekonsert på Ekspedisjonen. Og ikkje å forgløyma hadde me tre konsertar i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken, på tre institusjonar for eldre i Odda, Kvinnherad og Ullensvang.

Til slutt vil me takka dei som har ansvar for å setja saman programmet og henta inn alle musikarane, Stig Nilsson og Anders Kjellberg Nilsson. Tilbakemeldingane frå publikum og artistar er eintydige. Dette var nok ein flott musikkfest.