Oppsummering 2010
Gode opplevingar og stor entusiasme prega 15-års jubilanten Hardanger musikkfest

Opningsdagen kom med strålande sol og full bløming i frukthagane i Hardanger, og vårens vakraste eventyr var igang. Ramma var perfekt og som dagane gjekk viste det seg at programmet, musikken, songen og dansen på alle vis var tilpassa ramma. Dei kunstnarlege leiarane Stig Nilsson og Anders Kjellberg Nilsson hadde sett saman eit program som gav publikum noko for ein kvar smak.
På opningskonserten var unge musikarar i Ensemble Allegria og etablerte som Arve Tellefsen og Oslo Trio i samspel med dei lokale utøvarane Maria Digranes og Lajla Storlie. Med den tilknyting Edvard Grieg hadde til Hardanger, er hans musikk fast innslag på opninga saman med Andreas Munchs "Brudeferden i Hardanger", i år framført av Helge Jordal. Og i tillegg til jubilanten Ole Bull fekk me høyra musikk av Bach og Kilar. Årets Young Star Stipend vart delt ut av Statkraft og gjekk til 14 år gamle Ann Hou Sæter, ein fiolinist som "allerede i lang tid har stått frem som en musikkbegavelse av de sjeldne i sin aldersgruppe."(sitat jury) Ho vart akkompagnert av fjorårets prisvinnar Julie Ye.
Ballett og lausdans
Fredagskvelden var det duka for ballett og lausdans i Simahallen. Nasjonalballetten og Frikar gav publikum ei oppleving dei sjeldan har sett maken til. Langt inne i fjellet er den største kraftstasjonen i Norge gjort om til konsertsal. Turbinane står stille, og eit variert og kontrastfullt program der eleganse, spenst, kraft, råskap og fartsfulle hopp og sprett imponerte og begeistra ein fullsett sal. Ei slik oppsetjing er svært krevande, men takka vera eit velvillig mannskap frå Statkraft og dyktige lyd- og lysfolk, let det seg gjennomføra. Det må og nemnast at Frikar gav ei framsyning på vatntapperiet Isklar, også der i ein fullsett sal og til store ovasjonar.
Kammermusikk og 3 jubilerande komponistar : Ole Bull, Schumann og Chopin
Hardanger Musikkfest er fyrst og fremst ein kammermusikkfestival, og enten konsertane føregjekk i den store Hardangerhallen, i Turbinhallen i Tyssedal eller i gamle stover og middelalderkyrkjer, så var dei gode opplevingane mange og varierte. Publikum kunne få med seg den komande stjernesopranen frå England, Elizabeth Watts syngja Schubert, akkompagnert av Jens Harald Bratlie, og den virtuose klarinettisten Martin Fröst spela saman med Ensemble Allegria. Alle imponerte stort med sine fantastiske framføringar.
Kvar sin konsert var tileigna dei jubilerande komponistane Ole Bull, Chopin og Schumann. Arve Tellefsen, saman med pianisten Julie Ye og felespelaren Lajla Storlie gav oss ei flott opleving med vakker musikk og forteljing ispedd ein god porsjon humor. Og du kunne lytta til Chopin spelt av Roland Pöntinen i storslag. Schumanns klaverkvintett i Ess-dur vart framført av Arve Tellefsen, Ragnhild Hemsing, Anders Kjellberg Nilsson, Johannes Rostadmo og Julie Ye. Det er vanskeleg å nemna høgdepunkta på festivalen, for det var så mange av dei, og dette var eitt. Og elles kjem det akkurat an på kven du spør. Men det er liten tvil om at nokon hadde den store opplevinga då dei lytta til Kvartett til tidens ende, praktfullt framført av Martin Fröst, Anders Kjellberg Nilsson, Johannes Rostadmo og Roland Pöntinen.
Store salar og små stover, vandring og klatring
Andre set mest pris på dei små intimkonsertane med folkemusikk i Jåstadstova eller på Skredhaugen, framført av Einar Mjølsnes, Frank Rolland og Solbjørg Tveiten, eller opplesing og musikk med Mari Maurstad og Åge Kvalbein i Lagmannsstova eller i den gamle kyrkja i Eidfjord. Eller dei vitja Skrivarstova for å lytta til meir Chopin med Ragnhild Hemsing og Julie Ye. Den Danske Strygekvartet trollbatt publikum på Krossvoll med Grieg og med eit variert program på Hardanger Gjestegard. Ein fantastisk kvartett. Dei spela og i Kinsarvik kyrkje der dei akkompagnerte Elizabeth Watts.
Og Grigvandringa er som alltid populær og ein flott tur med forteljing og musikk gjennom frukthagane. Av andre vandringar må me nemna turen opp til Lilletopp og rallarkonserten med Lars Klevstrand, Helge Jordal og Rannveig Djønne inne i fjellhola, ei heilt spesiell oppleving.

Dronning Sonja kom og ....
Som alltid var Overraskelseskonserten stappfull. Og Dronning Sonja var den største overraskelsen då ho gjerne ville få med seg denne konserten som ho og har vore på tidlegare. Her fekk publikum servert ei flott blanding av kammermusikk, opera, opplesing, medleys, folkemusikk og viser framført av musikkfesten sine artistar med entusiasme og humør.
Men litt ekstra hadde og musikkfesten å by på. Inger Elisabth Aarvik, kantor i Ullensvang stod bak to framføringar av Spelet om St. Sunniva, i Utne og Ullensvang kyrkje. Med seg hadde ho Arild Helleland som regissør, dyktige lokale songarar og musikarar og barne- og ungdomskor. Flotte framføringar som det ligg mykje arbeid bak.
Nemnast må og ein strålande skulekonsert med Ensemble Allegria og gruppa Tango Twist som reiste fjordane på kryss og tvers i 5 dagar og gav konsertar for eldre, barnehagebarn og skulebarn.
Avslutningskonserten var i år lagt til Ullensvang kyrkje, eit fantastisk konsertlokale også for kammermusikk. Her fekk me eit nytt møte med klarinettisten Martin Frøst som saman med Den Danske Strygekvartet spelte ein klarinettkvintett av Mozart, strålande gjennomført. Og dette vart følgt opp av strykesekstett i G-dur av Brahms, med Ragnhild Hemsing, Stig Nilsson, Anders Kjellberg Nilsson, Miriam Helms Ålien, Johannes Rostamo og Aage Kvalbein. Ei avslutning som berre understreka totalinntrykket av ein musikkfest der dei gode opplevingane stod i kø.
Omlag 5.200 var tilstades på konsertane, noko som me er svært nøgde med.
Takk for i år til utøvarar, publikum, sponsorar og samarbeidspartnarar.
Vel møtt 1. - 5. juni 2011.

