Ungdomspasset
Er du elev eller student opp til 26 år er ungdomspasset skreddarsydd for deg!
Kva er Hardanger Musikkfest?
Hardanger Musikkfest er ein klassisk musikkfestival der nærare 100 nasjonale og internasjonale artistar og nye talent vert samla for å skape flotte klassiske musikkopplevingar for både erfare og yngre publikum.
Konsertane under Musikkfesten føregår på ulike spektakulære arenaer langs fjorden, og desse gir deg ein ypparleg sjanse til å oppleveklassisk musikk på ein heilt ny måte. Visste du at fjordane har blitt kåra som verdas alle vakraste reisemål av National Geographic? Det skortar heller ikkje på det kunstnariske nivået. Av opplevingar ein kan nemne er konsertar med internasjonalt kjende artistar. Tidlegare artistar har vore Ole Edvard Antonsen på trompet og Truls
Mørk på cello. I 2012 blir det flust av større og mindre konsertar både innandørs og ute i naturskjøne omgivnadar. Sjå programmet her
Kva er ungdomspasset?
Er du elev eller student opp til 26 år, er Ungdomspasset skreddarsydd for deg. For berre 300 kr får du inngang til nesten alle konsertane under Musikkfesten (unntak av Det Norske Solistkor i Turbinhallen og Overraskingskonserten, desse kan det kjøpast eigen billett til). Ungdomspassa kan kjøpast på Heradshuset i Kinsarvik, tlf. 53 67 15 15 eller musikkfest@ullensvang.herad.no
Korleis kjem ein seg dit?
Det kjem an på kvar du reiser frå! Sjå denne linken for transport.
Kvar kan ein bu?
Dersom fjorden er ein av verdas vakraste, må Lofthus Camping ha verdas beste utsikt. Med Ungdomspasset får du 25% rabatt, det vil seie om lag 100 kr per teltplass pluss 23 kr per person per natt. Campingen er i gåavstand til dei fleste konsertane. Det finnes også mange andre overnattingsmogelegheiter i området. (Dei finn du her)
Kva anna kan ein gjere i Hardanger?
I tillegg til å kunne velje blant mange flotte konsertar i heile området, er Hardanger eit svært populært reisemål på grunn av meir enn den spektakulære naturen og dei idylliske frukthagane. Etter konsertane kan du til dømes slå deg ned på trivelege Ekspedisjonen, eit mikrobryggeri som vert drive av nokre unge lokale karar (med 18 års aldersgrense etter kl 20.00). Likar du å gå i fjellet eller køyre alpint på sommarskisenteret er det fleire mogelegheiter for slikt også: sjå her.
Følg oss også på Facebook: Hardanger Musikkfest

