Konsertarenaer

Alvavoll

Alvavoll frukt- og sidergard ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”. På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider.

Gløyp, Kinsarvik

Gløyp Spiseri er ein førsteklasses restaurant midt i Kinsarvik, der gode og lokale råvarer står i fokus. Restauranten er drive av Steinar Rinaldo, og har vore konsertarena for Hardanger Musikkfest i fleire år.

Hardangerhallen, Lofthus

Hardangerhallen er ein tennishall med glasvegger som gjev ein fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Her vert det bygd opp ei scene, og ein del av publikum kan sitja i amfi.

Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Tysso I er det første freda kraftanlegget i Noreg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag.

Krossvoll, Lofthus

Krossvoll er ungdomshuset i Lofthusbygda. Huset vart opna i 1901 og festsalen er rikt dekorert.

Lofthus Ekspedisjon

Ekspedisjonen Skjenkestove ligg i Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvollbygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for "pub". Dei har eige bryggeri, held ope kvar helg heile året, og arrangerer kvissar, konsertar og andre energigivande arrangement.

Ullensvang Gjesteheim

Ullensvang Gjesteheim er ein heim med triveleg miljø og uformell stemning. Her er overnatting og matservering i rolege omgjevnader like ved vakre Ullensvang Kyrkje på Lofthus. Den koselege restauranten byr på tradisjonell Hardangermeny, men også meir eksotiske rettar. Om sommaren er det uteservering.

Ullensvang kyrkje

Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygd før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300.