top of page
_JY28964.jpeg

Artistar

Dei fyrste artistane er klare! 

Det Norske Kammerorkester - Pekka Kuusisto - Andreas Ulvo - Bukkene Bruse 

  • Instagram
  • alt.text.label.Facebook

Årets artistar

Her kan du bli kjend med årets fantastiske artistar! 

MS_DNK-1643-Rediger-Rediger.jpg

Det Norske Kammerorkester

Det Norske Kammerorkester er eit virtuost og nyskapande musikarkollektiv med nokre av dei fremste strykarane i Norden. Orkesteret er eit av dei leiande kammerorkestra på den internasjonale konsertarenaen og utviklar stadig sin særeigne spelestil og orkesterkultur. Dei siste åra har orkesteret arbeidd med nye formidlingsformer, der framføringar utanåt har stått sentralt. Dette har styrkt posisjonen til orkesteret som ein internasjonal aktør som fornyar den klassiske musikktradisjonen. Pekka Kuusisto har vore kunstnarisk leiar sidan 2020. Det Norske Kammerorkester gjesta sist Hardanger Musikkfest i 2024.

  • Instagram
  • Facebook
MS_DNK-1477-Enhanced.jpg

Pekka Kuusisto

Pekka Kuusisto er fiolinist, dirigent og komponist, kjend for si frie og friske tilnærming til repertoaret. Han er kunstnarisk leiar for Det Norske Kammerorkester, første gjestedirigent for Göteborgs Symfoniker og første gjestedirigent og kunstnarisk meddirektør for Helsingfors filharmoniske orkester. Frå 2028 blir han sjefdirigent for Tokyo Metropolitan Symphony Orchestra, der han no er residenskunstnar. I sesongen 2026/27 er Kuusissto også residenskunstner ved Southbank Centre i London. Han er ein ivrig forkjempar for samtidsmusikk og ein dyktig improvisatør, og søkjer ofte samarbeid på tvers av sjangrar og uttrykk.

  • Instagram
  • Facebook
Andreas Ulvo 4 photo Birte Magnussen.jpg

Andreas Ulvo

Andreas Ulvo er ein norsk jazzpianist, tangentist og komponist med ei personleg og særprega pianostemme. Han studerte piano hjå Misha Alperin og Helge Lien ved jazzlinja på Noregs musikkhøgskule, og har sidan tidleg på 2000-talet vore ein tydeleg profil i norsk musikkliv. Ulvo rører seg naturleg mellom jazz, improvisasjon, elektronisk musikk og folkemusikkinspirert kammermusikk. Han har gjeve ut ei rekkje album i eige namn, mellom anna fleire soloplater for piano, og er samstundes ein etterspurd medmusikar og samarbeidspartnar i norske og internasjonale ensemble.

  • Instagram
bukkene 7.jpg

Bukkene Bruse

Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal møtte kvarandre i 1989, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere. Spellemannpris, Prøysen-prisen, OL-musikarar på Lillehammer, turnear frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Tre av dei fremste namna i norsk folkemusikk, saman på scena i Hardanger, der mykje av denne musikken har røtene sine.

    DSC_4786.jpg

    FJORDEN

    1.–5. september 2027

    © Copyright 2026 Hardanger Musikkfest
    All Rights Reserved

    bottom of page