top of page

Kunstnarisk Leiar
Kunstnariske leiar og komponist Therese Birkelund Ulvo

Therese Birkelund Ulvo
Foto: Elisabeth Emmerhoff

Therese Birkelund Ulvo

Therese Birkelund Ulvo (f. 1982, Bergen) har vore involvert i Hardanger Musikkfest i ulike roller sidan 1999, og overtok i 2014 den kunstnariske leiinga saman med Tora Augestad. Ulvo har som komponist utmerka seg i dei større formata dei siste åra, og er ei av få norske komponistar i sin generasjon som jamnleg får framført eigne verk hjå dei store norske orkestera. Musikken er ofte inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, kor ein kan finna både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar vert mykje framført, i inn- og utland. 

 

Ulvo var Rikskonsertenes intro-komponist 2011–2013. I 2015 mottok Ulvo De Unges Lindemanpris. I internasjonale Rostrum for komponistar i Wrocław, Polen, i 2016, vart Therese Birkelund Ulvo sitt verk Shadows and Shields tildelt utmerkinga Recommended Works og vart tilrådd for radiospeling i mønstringa sine 30 deltakarland. I oktober 2017 vart Ulvo den fyrste som vart utvald til å vera del av Talent Norge sitt program KUPP, eit utviklings og nettverksprogram for unge, lovande komponistar. I 2020 mottok ho Edvardprisen for orkesterverket «In the Cage». I 2024 vart ho tildelt Arne Nordheims komponistpris.

Les også...

This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.

bottom of page