
Om Anders
Anders Krøger (fødd 1996) er komponist, forfattar, skribent og radioprogramleiar, med mastergrad frå Norges musikkhøgskole. I alt han gjer, har han alltid ei historie å fortelje – enten det er gjennom musikk, tale eller tekst. I to år har han drive radioprogrammet, og podkasten, Jazzer om Klassisk, som snakkar om klassisk musikk på ein lettbeint og frittalande måte. I tillegg skriv han artiklar og meldingar for KlassiskMusikk.com og Scenekunst, og frå hausten av vert han redaktør for LiveKlassisk. Ved sida av dette, og arbeidet sitt som komponist, held han no på med å skrive ei bok om Dmitrij Sjostakovitsj og Josef Stalin – ei bok om ytringsfridom og sensur.
🗓️ Fredag 29. august kll. 16.00 - Skrivargarden Lofthus
⭐️ MEDVERKANDE
Julius von Forstner - bassbaryton
Torgeir Kinne Solsvik - klaver
Anders Krøger - forteljar
🎼 PROGRAM
* Shostakovich: 4 Monologues on Verses of Pushkin op. 91
* Shostakovich: 4 Romances on Verses by Pushkin, op 46
📣 OM KONSERTEN Korleis vert kunsten påverka av sensur, undertrykking og politisk press? Denne djupdykkande konserten set søkjelys på Dmitrij Sjostakovitsj, ein komponist som balanserte mellom kunstnarisk integritet og regimet sine strenge krav. Four Monologues on Verses of Pushkin krinsar rundt svik, tap og minne. Desse songane var Sjostakovitsj sin første seriøse komposisjon etter dei brutale åtaka på han i 1936, og dei speglar ein kunstnar i indre kamp med makta – og seg sjølv. Kva historiar gøymer seg bak notane? Korleis kan musikk formidla det som ikkje kan seiast høgt?
Sjekk også ut..
This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.