
Artistar
Me er stolte av å lansera artistane til jubileumsåret 2026
Ragnhild Hemsing - Kringkastingsorkestret (KORK) - dirigent Holly Huyn Choe - Gabriel Fliflet - Gabriels Novgorod - Messiaen Quartet Copenhagen - Tanja Tetzlaff - Thormod Rønning Kvam - Helsinki Chamber Choir og dirigent Nils Schweckendiek - Martin Steinum Brun - Ruth Lillegraven - Benedicte Maurseth - Håkon Stene - Mats Eilertsen - Morten Qvenlid - Knut Utler - Distriksmusikarane på Voss - Tze Yeoung Ho - Morten Christophersen - Ingunn Dalland
Årets artistar
Her kan du bli kjend med årets fantastiske artistar!

Heile landets orkester
Kringskastingsorkestret
Kringkastingsorkestret (KORK) er heile landet sitt orkester, kjent for si breidde, fleksibilitet og sterke tilknyting til NRK. Ensemblet held eit internasjonalt nivå og rører seg uanstrengt mellom symfonisk repertoar, samtidsmusikk, pop, rock, jazz og folkemusikk – ofte i samarbeid med leiande artistar frå mange sjangrar. Sidan etableringa i 1946 har KORK vore ein sentral del av norsk musikk- og mediehistorie og er framleis til stades ved store kultur- og TV-hendingar. Orkesteret er i dag samansett av nokre av landets fremste instrumentalistar, kjende for leikenheit, allsidigheit og høg kunstnarleg kvalitet.

Dirigent
Holly Hyun Choe
Holly Hyun Choe er ein sørkoreansk-amerikansk dirigent med base i Tyskland, kjend for sitt lysande nærvær og ein energisk musikalitet som set preg på alt ho rører ved. Etter to år som assistentdirigent i Tonhalle-Orchester Zürich har ho markert seg som ei av dei mest spennande yngre stemmene på den internasjonale dirigentscena, og debuterer med Los Angeles Philharmonic i 2025. Choe er sjefdirigent for Ensemble Reflektor og Artiste associée ved Orchestre de Chambre de Genève, og er særleg kjent for sitt engasjement for kvinnelege komponistar.I januar 2026 er starta ho som ny sjefdirigent for Kringkastingsorkestret.

Fiolin og Hardingfele
Ragnhild Hemsing
Ragnhild Hemsing er ein av Noregs mest unike musikarar, like heime i klassisk repertoar som i den norske folkemusikkarven. Ho har gjort hardingfela til ein naturleg del av sitt kunstnarskap, og i 2025/26 urframfører ho tre nye konsertar skrivne spesielt for instrumentet – dei første på 60 år. Hemsing opptrer jamleg som solist med leiande orkester og turnerer med prosjekt som Peer Gynt og Norwegian Seasons, som også har fått stor merksemd på plateutgjevingane hennar på Berlin Classics. Ho er medgrunnleggjar og kunstnarisk leiar for Hemsingfestivalen i Valdres, og spelar på ein Ruggeri-fiolin frå 1694 og ei hardingfele som ein gong tilhøyrde Ole Bull.

Trekkspel
Gabriel Fliflet
Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist med trekkspel som hovudinstrument, og med eit langt virke i ulike former for folkemusikk. Han er kjend for det leikne samspelet i duoen Fliflet/Hamre, der inspirasjon frå Balkan møter hans eiga musikalske forteljing. Fliflet har samarbeidd med ei rekkje artistar, mellom andre Berit Opheim, Knut Reiersrud, Benedicte Maurseth og Jan Eggum, og har skrive fleire bestillingsverk. I 2011 vart han kåra til Årets folkemusikar, og han er den mangeårige musikalske verten for Columbi Egg i Bergen.

Kvartett
Gabriels Novgorod
Gabriels Novgorod er ein kvartett med Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song). Ensemblet løftar fram etnisk populærmusikk frå Østersjø-området, finsk humppa, jiddisk tango, russiske valser og nordsvensk swing - alt framført med varme, temperament og flerstemt song på fleire språk. Repertoaret hentar dei frå skattkista av musikk frå 1930–60-åra, og konsertene er kjende for sitt driv, sin forteljarglede og sine overraskande innslag.

Kvartett
Messiaen Quartet Copenhagen
Messiaen Quartet Copenhagen er ein av Skandinavia sine leiande kammermusikkvartettar. Den unike besetninga: klarinett, fiolin, cello og klaver opnar for eit variert og nyskapande repertoar, med både urframføringar av nordiske komponistar og kvartetten sine eigne arrangement av kjende verk. Sidan 2018 har ensemblet halde ei rekkje konsertar i Skandinavia og Europa, og har òg markert seg med innspelingar, mellom anna eit kritikarrost Debussy-album.
I perioden 2024–2026 er dei kunstnariske leiarar for Båstad Kammarmusikfestival.

Cello
Tanja Tetzlaff
Tanja Tetzlaff er ein av dei leiande cellistane i si generasjon, kjend for sin djupe musikalitet og sitt kraftfulle, raffinserte tonespråk. Ho kombinerer kunstnarleg nyskaping med samfunnsengasjement, noko som mellom anna kjem til uttrykk i filmen Suites for a Suffering World, vinnaren av Opus Klassik Innovation Award 2023. Ho opptrer med leiande orkester og dirigentar internasjonalt, og er sentral i både Tetzlaff Quartett og Tetzlaff Trio. Sidan 2024 har ho vore professor i cello ved Kunsthøgskolen i Bremen og spelar på ein Guadagnini-cello frå 1776.

Klaver
Thormod Rønning Kvam
Thormod Rønning Kvam er ein norsk pianist med internasjonal profil og ein sterk driv for å fornye formidlinga av klassisk musikk. Han har dei siste åra markert seg i det skandinaviske toppsjiktet med konsertar ved mellom anna Wigmore Hall, Den Norske Opera, Stockholm Konserthus og Harpa i Reykjavík, og gjer sin solodebut under Festspillene i Bergen i 2026. Han er tildelt Statens toårige kunstnarstipend for unge kunstnarar og har vorte heidra for sitt særpreg og engasjement som formidlar. Kvam er òg kunstnarisk leiar for Aulaseriene i Oslo, Bergen og på Ramme.
_jp.jpg)
Kor
Helsinki Chamber Choir
Helsinki Chamber Choir er eit profesjonelt kammerkor og GRAMMY-vinnar, opphavleg grunnlagt som Finnish Radio Chamber Choir i 1962. Repertoaret spenner frå renessansen til samtidsmusikk, og koret er særleg anerkjent for sitt arbeid med ny musikk og for sine mange prisvinnande innspelingar. Ensemblet turnerer jamleg i Europa og USA og samarbeider med leiande orkester, festivalar og samtidsmusikkensemble. Koret medverkar òg ofte i produksjonar for den finske kringkastaren Yle, og har hatt Nils Schweckendiek som kunstnarisk leiar sidan 2007.

Dirigent
Nils Schweckendiek
Nils Schweckendiek er ein internasjonalt anerkjend dirigent med base i Helsingfors. Han debuterte ved Finlands nasjonalopera i 2006 og har sidan arbeidd ved leiande operahus og festivalar i Europa, USA og Kina. Schweckendiek er ein markant forkjempar for ny musikk, med over 100 urframføringar og ein GRAMMY i 2024 for Kaija Saariahos Reconnaissance. Han er kunstnarisk leiar for Helsinki Chamber Choir, professor ved Sibeliusakademiet, og er heidra med Fredrik Pacius-prisen, Madetoja-prisen og utmerkinga Årets dirigent i Finland.

Songar
Martin Steinum Brun
Martin Steinum Brun er songar og tradisjonsberar frå Vågå, kjend for si sterke tilstadevering og evne til å formidle folkesongen sine mange forteljingar - frå det humoristiske til det personlege. Han nyttar òg tradisjonelle instrument som kraviklyre og bygdeharpe. Martin er ei tydeleg stemme på den unge folkemusikkscena, kåra til Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen 2024 og vinnar av A-klassa i vokal folkemusikk på Landskappleiken 2025. Han jobbar òg på tvers av sjangrar og har samarbeidd med ensemble som Det Norske Solistkor og Kringkastingsorkesteret.

Forfattar
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven er forfattar frå Granvin i Hardanger. Sidan debuten i 2005 har ho markert seg som ein allsidig og produktiv stemme, med over 20 bøker for både vaksne og barn - frå dikt og romanar til kriminalromanar. Ho fekk Brageprisen i 2013 for diktsamlinga Urd, og bøkene hennar er omsette til ei rekke språk. Lillegraven har òg samarbeidd med fleire musikarar, mellom anna Rannveig Djønne, Annlaug Børsheim og Benedicte Maurseth, og har dei siste åra etablert seg som ein tydeleg og folkekjær forfattar i norsk samtidslitteratur.

Hardingfele
Benedicte Maurseth
Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar, med tradisjonsmusikken frå Hardanger som sitt kunstnarlege utgangspunkt. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre, og er kjend for eit uttrykk som opnar folkemusikken mot samtid, improvisasjon og tverrkunstnarlege samarbeid. Maurseth har komponert ei rekkje bestillingsverk og turnert internasjonalt som solist og med ulike ensemble. Ho har gjeve ut fleire kritikarroste album på ECM, Hubro og Heilo. Soloalbumet Hárr (2022) mottok Nordic Music Prize, og oppfølgjaren Mirra (2025) har vekt stor merksemd.

Slagverk
Håkon Stene
Håkon Stene er ein prisvinnande slagverkar med spesialisering i samtidsmusikk og tidlegmusikk. Han har markert seg som ein av dei leiande perkusjonistane i Norden, med eit vidt spekter av solistiske og ensemblebaserte prosjekt. Stene har samarbeidd med mellom andre Ensemble Modern, London Sinfonietta og Oslo Filharmoniske Orkester, og medverka på ei rekkje innspelingar på ECM, Hubro og Rough Trade. Han er professor i perkusjon ved Hochschule für Musik Freiburg.

Kontrabass
Mats Eilertsen
Mats Eilertsen er bassist, komponist og bandleiar, og ein av dei mest ettertrakta jazzmusikarane i Noreg. Han er kjend for eit lyrisk og lyttande basspel, med sterk vekt på ensemblespel og klanglege nyansar. Eilertsen har medverka på over hundre plateinnspelingar og leier fleire eigne prosjekt. Han har mottatt Spellemannprisen og vart tildelt Buddyprisen i 2022.

Piano
Morten Qvenild
Morten Qvenild er pianist, komponist og produsent med eit sjangeroverskridande kunstnarskap. Han har sidan slutten av 1990-åra vore ein sentral aktør i europeisk jazz og samtidsmusikk, både som solist og i ei rekkje band og samarbeid. Qvenild kombinerer akustiske instrument med musikkteknologi og arbeidar også med låtskriving, improvisasjon og studioarbeid. Han har turnert internasjonalt og medverka på rundt hundre plateinnspelingar.

Festivalkunstnar
Knut Utler
Knut Utler er journalist og fotograf. Han arbeidde i ei årrekkje i kulturredaksjonen i Aftenposten, med musikk som spesialfelt, før han vart frilans i 2004. Som fotograf har Utler dei siste tjue åra dokumentert det norske og nordiske folkemusikkmiljøet, og bygd opp eit omfattande og særprega arkiv. Han har vore fotograf på ei rekkje sentrale festivalar og kappleikar, og har sidan oppstarten i 2010 vore fast fotograf ved Riksscenen for folkemusikk og dans. Utler har òg arbeidd mykje med klassisk musikk, mellom anna med ansvar for PR og dokumentasjon for Lindemans Legat sidan 2006. Frå 2017 til 2023 var han festivalfotograf for Hardanger Musikkfest.

Festivalkunstnar
Distriksmusikarane på Voss
Distriktsmusikarane på Voss utgjer ein sentral del av musikklivet i regionen og har eit rikt og mangfaldig virke som utøvarar, pedagogar og formidlarar. Fiolinisten Helga Hjetland, fløytisten Øystein Haga og pianisten Kato Flem kombinerer høg kunstnarleg kvalitet med sterk lokal forankring. Med bakgrunn frå leiande musikkutdanningar i Noreg og utlandet, og brei erfaring frå både orkester, kammermusikk, frilansverksemd og undervisning, er dei kjende for sitt lyttande samspel, sitt klanglege overskot og si formidlingsglede.
Som distriktsmusikarar på Voss bidreg dei aktivt til konsertliv, kulturskule og regionale samarbeid, og er viktige drivkrefter i utviklinga av eit levande og inkluderande musikkliv i Vestland.

Komponist
Tze Yeoung Ho
Tze Yeung Ho er ein norsk komponist med ei flerkulturell bakgrunn som pregar både tenking og uttrykk. Musikken hans tek utgangspunkt i møtet mellom språk og lyd – særleg fonetikk og dialogen mellom skandinavisk, finsk-ugrisk og kinesisk litteratur – og står ofte i spenningsfeltet mellom ulike forståingar og misforståingar. Han vart invitert av Moderna Museet til å skape ei musikkteaterframsyning til den nordiske paviljongen ved Venezia-biennalen 2024, og er nyutnemnd kunstnarisk leiar for Borealis – festival for eksperimentell musikk.

Komponist
Morten Christophersen
Morten Christophersen er ein norsk komponist og arrangør med eit breitt spenn frå oratorier og orkesterverk til kor-, kammer- og filmmusikk. Han har skrive for institusjonar som Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester og Den Norske Opera & Ballett, og musikken hans er framført i Norden, Europa, USA og Taiwan. Christophersen kombinerer komponistverksemd med undervisning ved Universitetet i Oslo, der han har ein PhD på Johan Svendsens komposisjonsteknikk. No fullfører han eit nytt oratorium for Trondheim Symfoniorkester og Olavsfest.

Vokal
Ingunn Dalland
Ingunn Dalland er vokalist frå Vinnes ved Bjørnafjorden, no busett i Oslo. Ho er ein allsidig songar med breitt virke innan pop, soul og jazz, og har vore frontfigur i fleire profilerte band, mellom anna Superband, Polyester og Down Low Disco. Ho har òg opptrådd som solist med ensemble som Det Norske Blåseensemble, Sandvika Storband og Prime Time Orchestra.
Som korist har Ingunn samarbeidd med ei rekkje sentrale namn i norsk musikkliv, mellom andre Bernhoft, CC Cowboys, Ylvis og Noora Noor. Ho er kjend for si varme, sjelfulle røyst og eit energisk scenenærvær som rører og løftar publikum.




