
GNIST
Hardanger Musikkfest 30 år
I 2026 fyller Hardanger Musikkfest 30 år - og vi inviterer til ei jubileumsveke som skal gløda lenge i minnet.
Årets tema er GNIST - det vesle som set noko stort i gang. Ein gnist kan tennast mellom menneske, i møtet med naturen, eller idet musikken slår an den første tonen. Han kan vera kort og flyktig, eller få liv som brenn vidare og sprer seg.
Kva skjer når ein hardingfeletone får salen til å lyfta seg, og du kjenner at alle held pusten i same sekund? Når ei røyst ber ein melodi du aldri har høyrt før, men likevel rører ved noko kjent? Når ein nykomponert klang møter ein gamal folketone – og ein heilt ny energi vert fødd?
I jubileumsåret kjem orkester som fyller fjorden og fjella med si kraft, solistar som får tida til å stå stille, og kor som sender varme klangbølgjer gjennom publikum. Artistane ber med seg gnistar av røter, lengsel, glede og fantasi - som saman med fjord, fjell og publikum skal verta til noko eineståande. Born og unge får vera med og setja sitt preg på feiringa - for gnisten handlar òg om det som skal koma.
Vi ser attende på 30 år med musikkfest, men me er på ingen måte mette. Gnisten er tent for framtida - for nye møte, nye klangar og nye oppdagingar.
Det vert dagar fulle av sansar: fjordvandring mellom konsertsalane, smaken av heilt ferske eple på veg til kyrkja, lyden av fuglesong som møter strykarar - og kjensla av å vera del av noko som berre skjer her, berre no, under open himmel og mellom fjord og fjell.
Velkomen til Hardanger Musikkfest 2026 - jubileet der gnisten vert tent!
Les også...
​






