top of page

Erlend Viken Trio
 

photo Eirik Havnes1.jpg
photo Anders Lillebo.jpeg

Erlend Viken Trio 

Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken Trio folkemusikk med eit lydbilete få har høyrt tidlegare; basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, ørkenblues og rock. Trioen har spelt konsertar i store delar av Europa, og gjennom sine energiske liveopptredenar har dei skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene.

foto Liv Øland_edited.jpg

Om Erlend

Erlend Viken er frå Oppdal og er ein av dei aller fremste norske felespelarane. Han har spelt med fleire av landets største artistar, som t.d Odd Nordstoga, Susanne Sundfør, Bigbang, Ingebjørg Bratland, Mathias Eick, OnklP. Som komponist har han komponert fleire førestillingar til Frikar Dance company, bestillingsverka Mengele Zoo til Lillehammer litteraturfestival, Sastrugi til Festspillene i Nord-Norge, og Djupet til Ultima-festivalen, og mesteparten av musikken til Erlend Viken Trio. Erlend har vunne Landskappleiken i fele, og Intro-folk; vore nominert til Spelemannprisar og vunne Folkelarm-priser for platene sine.

photo Eirik Havnes1_edited.jpg

Om Marius

Marius Graff er utdanna gitarist frå Norges musikkhøgskole og IACP i Paris, og har nærare 20 års erfaring som utøvande musikar. Han speler blant anna i kammerpop-bandet TeleGram, bluegrassbandet Jeffries Reverie og folkemusikktrioen Erlend Viken Trio. I tillegg har han medverka i stringswing-bandet Fou Rire, Graff/Rossebø duo og Fargespill. Marius har samarbeidd med musikarar som Lillebjørn Nilsen, Jan Eggum, Stein Torleif Bjella og Marit Larsen, og har medverka på ei lang rekke plateutgjevingar. Han har også vore orkesterleiar og utøvar i førestillinga “Postkort fra Lillebjørn” på Oslo Nye Teater.

photo Eirik Havnes1_edited.jpg

Om Sondre

Sondre Meisfjord er ein norsk jazzmusikar, opvakse på Frei, Nordmøre og utdanna ved Jazzlinja i Trondheim. Han har motteke Spellemannprisen med jazzgruppa Come Shine, spelt norsk folkemusikk i trioen Flukt, tyggegummipop i DinoSau, klezmer-musikk med Urban Tunélls Klezmerband, cooljazz i The Zetting, pop i Siri Gjæres band, samt medverka i Trondheim Jazzorkester/Pat Metheny. Andre musikarar han har arbeidd med er Odd Nordstoga, Dadafon, Kringkastingsorkestret, TrondheimSolistene, Kari Bremnes, Dipsomaniacs, Gjermund Larsen, Tord Gustavsen, og Stig Rennestraum.

photo Sigurd Ytre-Arne.jpg

Sjekk også ut..

This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.

© Copyright 2025 Hardanger Musikkfest
All Rights Reserved

bottom of page