top of page

Song Circus
vokalgruppe

SongCircus_fotoLotteThor.jpg
SongCircus_fotoLotteThor.jpg

Om Song Circus

Song Circus er eit av Skandinavia sine leiande vokalensemble innan samtidsmusikk. Kunstnarisk leiar er Liv Runesdatter. Song Circus arbeider med eksperimentell musikk, lydkunst og audiovisuelle produksjonar. Eit utradisjonelt og improviserande vokalensemble, bygd som eit instrument, med ulike kvalitetar og musikalske tilnærmingar, og eit omfamnsrikt lydvokabular. Ensemblet legg vekt på nære og langsiktige samarbeid med komponistar og skapande kunstnarar for å utvikla ny musikk og scenekunst. Ensemblet har eit høgt aktivitetsnivå og samarbeider med kunstnarar, festivalar, produksjonsselskap og kompetansemiljø i flere land.

Om Liv

Liv Runesdatter har vore utøvande og skapande kunstnar i snart 25 år. Gjennom ein allsidig karriere har ho skapt, produsert og fremført eit bredt spekter av kunstneriske prosjekt. Arbeida hennar har involvert samarbeid med musikarar, kunstnarar og produksjonsselskap frå meir enn 30 land. Med ein djup fascinasjon for lyd og stemma sine moglegheiter, arbeider Runesdatter primært innan samtidsmusikk, klassisk musikk, viser og folkemusikk. Som songar har ho utvikla ein stor palett av utvida vokalteknikkar, med evne til stor vokal fleksibilitet og stabilitet. Liv er utdanna ved Universitetet i Stavanger og har spesialisert seg i folkemusikk og tidleg musikk.

Om Ingeborg

Sopranen Ingeborg Dalheim har gjort barokkmusikken til ein av sine spesialitetar. I 2005 var ho finalist og vannpublikumsprisen i Chimay barokksangkonkurranse i Belgia, og i 2007 var ho finalist i UNESCO’s songkonkurranse«Orfeo» i Verona. Ingeborg er ein aktiv utøvar med ei internasjonal karriere særleg innan barokkmusikk. Ho bruker også folkemusikken aktivt, og har blant anna samarbeida med felespelarane Gjermund Larsen og Britt Pernille Frøholm. Ho er i perioden 2021-2024 tilsett som PhD-stipendiat i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Norges Musikkhøgskole med prosjektet «Baklengs ut av grammofonen».

Om Signe

Signe Irene Stangborli Time har markert seg som ein allsidig vokalist, komponist og improvisatør på den norske jazz- og improvisasjonsscena. Ho er aktiv i fleire band og ensemble som har både nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt. Ho har spelt på samtlege norsk jazzfestivalar, ulike norske kunstinstitusjoner og på ei rekkje lydkunstfestivalar. Ho har jobba med komponistar som Øyvind Torvund, Ruben Sverre Gjertsen, Harpreet Bansal, Therese Birkelund Ulvo og Eivind Buene. Signe Irene er fast medlem i The Kitchen Orchestra og Singificant Time, og har medverka ved ei rekke plateutgjevingar.

Om Vera

Vera Sonne er folkesongar og låtskrivar. Tradisjonsmusikk og improvisasjon er hjørnesteinar i musikken hennar og utrykket ligg i spennet mellom det veldig tradisjonelle og det veldig moderne. Vera har vore med å starta ensemblene«Rakkarpakk» og «Pumpegris». Ho ynskjer mp å fokusera meir på soloutrykket, og musikken frå sin eigen by, Oslo. Alt frå skillingsviser til klappeleikar og balladar skal opp og fram i dagens lys. Ho fokuserer på tekst, humor og å gjera det dansbart, og det stygge og det vakre, det vetle og det store skal med for å visa tradisjonen frå byen som rommar så mange ulike perspektive og skjebnar.

Song circus vokal
Frå venstre: Vera Sonne, Liv Runesdatter, Ingeborg Dalheim, Signe Irene Stangborli Time Foto: Marie Von Krogh

Sjekk også ut..

This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.

© Copyright 2025 Hardanger Musikkfest
All Rights Reserved

bottom of page