top of page
385529535_870025941489585_4892760799111413800_n.jpg

Frende

FRENDANE er dei lokale heltane våre.
Me er heilt avhengige av dei for å få gjennomført festivalen på ein god måte. Me har konsertfrendar, billettfrendar, artistfrendar, transportfrendar, kakefrendar og riggefrendar. Alle som ein er viktige bidragsytarar for å få det heile til. Ein kan bidra nokre timar med enkle oppgåver eller  vera tilgjengeleg under heile festivalen. Ein kan vera frende uansett alder; frå skuleelev til pensjonist.Vil du verta ein av våre frendar? Eller kjenner du nokon andre potensielle frendar? Ta kontakt! Våre frendar kjem nært på musikken, får eigne eksklusive tilbod om felleskap og artistmøte. Kontakt frendesjef Gisle Hamstad Haukelidsæter: frende@hardangermusikkfest.no

Frendegalleri

Møt ein Frende

Møt frende Margit Kvalvik
 
Alder: 28
Yrke: utdanna innan økonomi og innovasjon
Bur: Oslo - Lofthus
Frende sidan: 2016.

1. Kva arbeidsoppgåver har du som frende?
Mi viktigaste oppgåve er å passe på at aktørane har ein kjekk festival! Det vil seie å hente notar, finne stolar eller gje dei ei øl når det trengst.

2. Korleis opplever du festivaldagane? Hektiske. Morosame. Mange opplevingar. Nye venskap. Gamle venskap.

3.  Kva gler du deg mest til ved festivalen?Eg gler meg aller mest til å vera i festivalbobla. Stå opp tidleg, leggja seg seint. Og musikken i mellom.

4. Har du eit personleg musikalsk høgdepunkt frå alle desse åra? Det er mange høgdepunkt! Men eg må faktisk framheva året 2020: festival + pandemi er kanskje ikkje ein god kombo. Likevel klarte Barokksolistane å gje oss ein heilt unik kveld på Krossvoll. Det var magisk!


 

Frender som er glade

Vil du vera frende? 
send mail til frende@hardangermusikkfest.no

Les også...

This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.

cropped-cropped-UF-logo-1.png
385905029_996656758089630_956591037437318720_n.jpg
vestland-fylkeskommune_rgb.jpg
bottom of page