Hardanger Musikkfest 2025 finn stad 27. - 31. august, og temaet er KLANG.
Det vert messingklang, strykeklang og vokalklang med stor variasjon.
Indisk raga, norsk folkemusikk og actionfylt radioteaterkonsert!
Me sett ytringsfridom på agendaen, og sjølvsagt vert det både klassikarar frå kammermusikkrepertoraret og nokre rykende ferske premierar.
Når fleire lyttar til ein musikar, høyrer me ikkje det same. Lyden og klangen vert arbeida med i hjernen vår, og lytteopplevinga ein sit att med, er summen av det du lyttar til. Den emosjonelle dimensjonen bidreg: Er det musikk du kjenner frå før, eller ein utøvar du har eit forhold til?
I 2025 set me klangen i framsetet. Festivalens ulike, unike arenaer vert samspelande rom når me fokuserer på klang. Det same verket vil opplevast veldig ulikt i rom som Skrivargarden og Kraftkatedralen.
Ein tone kan klinga ulikt, sjølv om den same tonen vert spelt på same type instrument. Klangen vert påverka av musikaren sin speleteknikk og instrumentet si form, materialtype, overflate og storleik. Klangen kan også variera frå register til register på same instrument. Klassiske komponistar er nøye med val og samansetting av instrument for å oppnå ynskteffekt; klangen til musikken. Klangen er på mange måtar det som gjev musikken farge, og me nyttar ofte omgrepet klangfarge.
Gjennom heile musikkhistoria har komponistar og utøvarar utforska klanglege moglegheiter. Dei siste 100 åra har også kombinasjonen av akustisk lyd og elektroniske verkemidlar vorte ein naturleg del av klangpaletten. På veg inn i framtidaer moglegheitene for klangleg rikdom og variasjon næraste uendelege.
Hald dagane - bli med inn i klangbobla med oss.

Comments