Programmet for Hardanger Musikkfest 2025 er klart og billettsalet i gang! Festivalen går av stabelen frå 27. august til 31. august. Årets tema er KLANG, og festivalen er som alltid fylt med kunstnariske uttrykk i verdsklasse
Høgdepunkt i årets program:
Radioteaterkonserten "Dickie Dick Dickens" på Krossvoll – ei ellevill blanding av action, humor og skurkeri, med ein av Noreg sine mest kjente forteljarstemmer, Ivar Negaard, og NyNorsk Messinkvintett. Musikk og manus av Erlend Skomsvoll.
Det eg fann på vidda – eit heilt nytt verk av den italienske komponisten Giovanni Grosskopf, inspirert av Hardanger, norsk folkemusikk og den storslegne Hardangervidda. Hardingfele- og klaverkunstnarar tek publikum med på ei unik musikalsk oppdagingsferd.
Varshakala – Musikk i monsunens natt – ei hypnotisk konsertoppleving der fiolinist Harpreet Bansal, cellist Svante Henryson og vokalensemblet Song Circus leikar seg med klangar og stemningar som speglar lengt, mørker og draumar som ventar på å verta oppfylte.
Atterklang i Kraftkatedralen – ei mektig musikalsk oppleving der nokre av festivalens mest særprega musikarar, som Harpreet Bansal, NyNorsk Messingkvintett, Song Circus og Erlend Viken, skaper unike lydlandskap. Ei reise gjennom kontrastar – frå det vare og vakre til det kraftfulle og ekspressive.
Konsertane finn stad bl.a. i Ullensvang Kyrkje, Krossvoll, Opedalstunet og Kraftkatedralen, der fjord, fjell og musikk smeltar saman til ei uforgløymeleg oppleving.
Me gler oss til å ynskja publikum velkomen til Hardanger Musikkfest 2025 – ei feiring av musikk, natur og kunstnarisk fellesskap!
Årets artistar:
Sonoko Miriam Welde - fiolin, Edvard Erdal - fiolin,
Albin Uusijärvi - bratsj og Daniel Thorell - cello
Erlend Aagaard-Nilsen - trompet, Jørgen Arnesen - trompet, Marie Solum Gran - horn, Ingebjørg Bruket - trombone og Berger Iver Færder - tuba
Erlend Viken - hardingfele, Marius Graff - el-gitar, Sondre Meisfjord - kontrabass
Liv Runesdatter, Ingeborg Dalheim Signe, Irene Stangborli Time, Vera Sonne
Bli med inn i klangbobla med oss
27.- 31. august 2025
Comments