top of page
Programbok
2024
Trykk på konserten du vil lesa meir om og deretter scrolla/bla vidare mellom dei ulike arrangementa.

Ragnhild Aarvik - Vernissage
🗓️Kl. 18.30 - Opedalstunet
🎨 MEDVERKANDE
Ragnhild Aarvik - kunstnar
📣 OM ARRANGEMENTET
Velkomen til Opedalstunet og vernissage for årets festivalkunstnar Ragnhild Aarvik. Utstillinga tek for seg det nære, underlege og sølete kvardagslivet med småborn. Det taktile, det uforutsigbare og det magiske i dei små meneska sitt store univers som me av og til får ta del i, men ganske ofte berre får små glimt av.
"I haust skulle eg byrje å jobbe att etter foreldrepermisjon. Etter endt boble-liv var det ikkje heilt enkelt å skulle byrje å måle igjen. Kva var motiva mine no? Er eg og interessene mine det same som før? Ei slags identitetsforvirring er visst ganske vanleg i tida etter at ein har blitt forelder for fyrste gongen.
Eg bestemte meg for å prøve å måle meg ut av bobla gjennom å måle det tanken var fylt av; nemleg ungen. Jenta med sine korte armar og bein, på veg ut i livet med capsen på. Ho starta i barnehagen, og det kjendest som om ho starta eit hemmeleg liv, eit sjølvstendig liv utan meg eller pappaen, det var heilt utruleg! Eg målte den klumpete vesle dressen, og ungen på veg ut av biletet, ut av ramma, med vassflaska si i handa og sekken på.
Våren kom, og eg tenkte eg skulle ha kome meg vidare frå bobla, men arbeidstittelen min var framleis «Snørr og ketchup». Eg kjende framleis at småbarnslivet var det som fylte kvardagen og hovudet. Snørret og ketchupen, samt mange andre klissete greier som kaviar, slev og syltetøy dannar eit stort måleri som dekker heile leiligheten vår. Det er fullstendig uråd å unngå søl, og me elskar den brune gamle sofaen vår meir enn nokon gong, sidan ingen flekkar synest på den. Gjestene våre skulle berre ha visst kor mykje kaviar som er i den. Sølet er noko av det som definerer overgangen til å være mor for meg. Før hadde eg stort sett oversikt på kvar eg sølte og eg hadde også tid til å tørke det opp. Med det same ungen kom, var det mjølk og gulp overalt. Eg hugsar den revolusjonerande augneblinken då eg skjønte at løysinga var å omdefinere alle T-skjortene mine til klut. Då trong eg ikkje lenger passe på at dei ikkje fekk gulp og mjølk på seg, og eg kunne også bruke dei til å tørke i veg.
I barnehagen utspelar det seg ein kvardag eg er så heldig å få oppdage for fyrste gong sidan eg gjekk der sjølv. Eg får ikkje sjå så mykje av det som skjer der, berre litt om morgonen og litt om ettermiddagen, men i laupet av dagen får eg også nokre små glimt. Dei tilsette knipsar gylne augneblink med kamera på telefonen som dei lastar opp i ein stort sett ubrukeleg app! Der får eg sjå uskarpe bilete, gjerne tekne i fart, på skrå eller i mørkret, av at ungane driv med forming, tur og anna moro. Dei driv også med yoga og fredagsdisco. Dette biletmaterialet har eg brukt til å skildre barnehagelivet.
Eg vil finne det figurative i det abstrakte og det abstrakte i det figurative. Dei uskarpe bileta, dei små skuggelagte kroppane i fart er abstraherte, og fotografia opplevest nesten som måleri. I tillegg arbeider eg med å finne det figurative i ketchup- og blåbærflekker ved å gjengi dei så nøyaktig eg kan via bruk av rutenett."
Ragnhild Aarvik, fødd 1989, er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og ved Einar Granum Kunstfagskole. Ho bur og arbeider i Oslo men har røter frå oppvekst på Lofthus i Hardanger. Måleria hennar dreier seg gjerne kring daglegdagse ting og familieliv. For henne er det å måle å sjå noko på nytt, leggje merke til ting ein ellers ikkje ser like nøye. Ho har arbeidd med tema som heimen («tapetmåleri» store veggmåleri), eldreomsorg, amming, skogen som er for langt borte, det å få barn og å spontanabortere, «demokratisering» av maleriet ved å la andre bestemme motiva sine, "menn med peiling på TV", samt scrollling på mobilen, for å nevne noko.
🎫 BILLETTINFORMASJON
Arrangementet er gratis, men grunna begrensa antall plassar ber om at du bestiller billett på TicketCo.
Generasjonskonsertar
Hardanger Musikkfest er opptatt av å tilby musikk til alle generasjonar. Her kan du sjå våre barnehage-, skule- og eldreheimskonsertar.







Les også...
This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.
bottom of page