top of page
horn_edited.jpg

Program 2026

Me har no sleppt dei to første konsertane til årets Hardanger Musikkfest - og fleire kjem! Billettsalet er opna, så no kan du sikre deg plass til dei to store konsertane i Hardangerhallen. Resten av programmet blir lansert seinare, og me gler oss stort til å dele meir!

KORK i Hardanger
ta-ta-ta-taaa

Laurdag 29. august kl 19.00 i Hardangerhallen.
 

KORK kjem til Hardanger - stort, magisk og uforgløymeleg!

Frå dei fyrste tonane av Beethovens legendariske 5. symfoni, til Halvorsens eventyrlege Fossegrimen med Ragnhild Hemsing på hardingfele - og ny musikk av Therese Birkelund Ulvo. Eit stort orkester, stor musikk, stor energi, alt leia av KORK sin nye sjefdirigent Holly Choe.

 

Opplev ei symfonisk storhending ved fjorden: klassikarar, tradisjon og nytenking som møtest i ein gnistrande konsert. Perfekt for deg som elskar musikk, for dei som vil ha ei spesiell oppleving i Hardanger. 

KORK og Sport 3 Foto Per Ole Hagen.jpg

Jubileumskonsert 
Hardanger Musikkfest 30 år

Fredag 28. august kl 18.00 i Hardangerhallen.

Ein ordentleg jubileumsfest som løftar fram Hardanger Musikkfest til noko heilt for seg sjølv: glitrande solistar, hardingfeletradisjon, store og små ensemble og overraskande musikalske møte. Ei feiring av tre tiår - og starten på noko nytt. 

Ragnhild Hemsing-ukorn-1x1-highres-6331.jpg
stemning på krossvoll.jpg
GNIST – eit jubileum med blikket framover

«GNIST handlar om startpunktet – det som skjer i det augeblikket musikken tenner noko i oss. Me har mykje meir på programmet som me gler oss til å sleppe,»


Kunstnarisk leiar, Therese Birkelumd Ulvo.

KORK og Sport 3 Foto Per Ole Hagen.jpg

GNIST

Hardanger Musikkfest 30 år

 

I 2026 fyller Hardanger Musikkfest 30 år – og vi inviterer til ei jubileumsveke som skal gløda lenge i minnet.

 

Årets tema er GNIST – det vesle som set noko stort i gang. Ein gnist kan tennast mellom menneske, i møtet med naturen, eller idet musikken slår an den første tonen. Han kan vera kort og flyktig, eller få liv som brenn vidare og sprer seg.

 

Kva skjer når ein hardingfeletone får salen til å lyfta seg, og du kjenner at alle held pusten i same sekund?

Når ei røyst ber ein melodi du aldri har høyrt før, men likevel rører ved noko kjent?

Når ein nykomponert klang møter ein gamal folketone – og ein heilt ny energi vert fødd?

 

I jubileumsåret kjem orkester som fyller fjorden og fjella med si kraft, solistar som får tida til å stå stille, og kor som sender varme klangbølgjer gjennom publikum. Artistane ber med seg gnistar av røter, lengsel, glede og fantasi – som saman med fjord, fjell og publikum skal verta til noko eineståande. Born og unge får vera med og setja sitt preg på feiringa – for gnisten handlar òg om det som skal koma.

 

Vi ser attende på 30 år med musikkfest, men me er på ingen måte mette. Gnisten er tent for framtida – for nye møte, nye klangar og nye oppdagingar.

 

Det vert dagar fulle av sansar: fjordvandring mellom konsertsalane, smaken av heilt ferske eple på veg til kyrkja, lyden av fuglesong som møter strykarar – og kjensla av å vera del av noko som berre skjer her, berre no, under open himmel og mellom fjord og fjell.

 

Velkomen til Hardanger Musikkfest 2026 – jubileet der gnisten vert tent!

DSC_9746.jpg
«Ein av dei mest allsidige festivalene i landet»

KlassiskMusikk

© Copyright 2025 Hardanger Musikkfest
All Rights Reserved

bottom of page