top of page
Årets tema er

Samhald

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Samhald

Hardanger Musikkfest 2024 finn stad 28. august til

1. september, og temaet er SAMHALD.

 

Samhald og samspel føregår overalt. Mellom musikarar, skodespelarar, fotballspelarar eller i eit festivalapparat. Me finn det i naturen, der det eine gjev næring til det andre. Alt i naturen heng saman; planter, insekt og dyr er heilt avhengige av kvarandre. Det at fleire krefter og faktorar verkar saman, er ei kjelde til å gjera ting større, betre og viktigare. I kulturen og samfunnet elles er det mykje fokus på enkeltpersonar og spydspissar. Me treng dei, men er det ikkje når me fører ulike krefter saman at magien oppstår? Festivalen i 2024 vil fokusera på samspel og det å halda saman. Venskap og samhald - i gode tider og vanskelege tider. Det å spela ilag er mykje av drivkrafta for dei musikarane me har invitert.

 

DSC_7860-2.jpg
Foto: Elisabeth Emmerhoff
IMG_0402.jpg
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Frå samhald og felleskap kjem varme og inderlege kjensler for nokon eller noko.  Opplevinga av å bidra er eit grunnleggjande behov i oss. Me kan ha kjærleik og engasjement for eit menneske, for idrett, for heimplassen eller for Hardanger Musikkfest. Musikken er full av djupe kjensler og sanseleg kjærleik, og musikarar har ei levande, glødande interesse for det dei held på med. Andre har kjærleik til bøker, eller kjærleik til fjellet. Og alle er me på jakt etter vår livs store kjærleik eller lidenskap. Ulykkeleg kjærleik og kjærleik som ikkje vert gjengjeldt finn me også i stort monn i musikken. 

Ein annan faktor som er viktig for samhaldet er tillit og tiltru. For å driva samspel må musikarar ha stor fortrulegheit med kvarandre. Utgangspunktet er å vera unike og ulike, samtidig som ein har noko sams. Å sameksistera og laga eit samband i ei delt stund, krev at ein er raus og har tiltru. Samkjensle og samarbeid til felles beste, er sterke krefter både i musikken og i samfunnet generelt. Krafta av å kjenna fellesskap i tru og idear og å leva i fellesskap med andre, gjev framdrift og overskot. Det å gjera og løysa noko i fellesskap - er sjølve konseptet festival. I alle fall for Hardanger Musikkfest. 

 

IMG_0394.jpg
Foto: Elisabeth Emmerhoff
IMG_0396.jpg
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Å oppleva noko i lag skapar band og venskap på tvers av opplagte strukturar. Nokon gonger skapast venskap for livet. Alt vert større, når me er i lag. Gjennom ei delt festivaloppleving høyrer me uskiljeleg i hop og dyrkar nærveret - og SAMHALD.
Barn som danser i bunad

Hardanger Musikkfest
Postadresse: 
co/Anna Gursli Langesæter, 
Stryteberg 25, 5781 Lofthus
Skjermbrev: post@hardangermusikkfest.no

  • Instagram
  • alt.text.label.Facebook

Dagleg leiar
Anna Gursli Langesæter
Tlf 958 90 237
daglegleiar@hardangermusikkfest.no

Kunstnarisk leiar
Therese B. Ulvo // therese@hardangermusikkfest.no

cropped-cropped-UF-logo-1.png
385905029_996656758089630_956591037437318720_n.jpg
vestland-fylkeskommune_rgb.jpg
bottom of page