top of page
treverk med mønster

Les om vår historie 

Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk. Staden fann han i Hardanger, nærare bestemt Ullensvang herad, kor kulturkontoret tok vel imot både han og ideen, og hjalp til med å realisera og gjennomføra festivalen. Festivalen sitt senter har frå fyrste år vore Hotel Ullensvang i Lofthus, som med fantastiske kvalitetar og vakre omgjevnader er ideell for både festivalen, utøverane og publikum.

stig nilsson som konsertmester
Stig Nilsson med Oslo Filharmoniske Orkester
Hardanger Musikkfest etablerte seg raskt som ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. Festivalen vaks seg større i tal arrangement og geografisk spreiing i regionen enn det Stig Nilsson hadde kunna drøymt om. Festivalen har ei rik historie med konsertar i alle Hardangerkommunar, og 30-40 konsertar og førestellingar under festivalen.
fullsatt konsert i hardangerhallen
Full sal i Hardangerhallen, Hotel Ullensvang 

Artistane som vert inviterte til Hardanger Musikkfest, reiser alltid slitne, men lukkelege heim. Det er mykje jobbing i fleire dagar, men den nære kontakten til publikum, musikken, dei andre artistane og den strålande vakre naturen i Hardanger, gjer det til ei glede for alle involverte. Publikum er både lokale kulturinteresserte, og tilreisande frå nær og fjern.

Då Stig Nilsson valde å tre tilbake som kunstnarisk leiar i 2012, vart Anders Kjellberg Nilsson og Wolfgang Plagge engasjerte som kunstnariske leiarar. Etter to flotte festivalar valde dei å overlata ansvaret til ein av landets lovande komponistar, Therese Birkelund Ulvo, og songar Tora Augestad. Dei var kunstneriske leiarar til og med 2020. Frå 2021 er Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann kunstneriske leiarar. Frå 2023 er Therese Birkelund Ulvo kunstnerisk leiar. 

Tora Augestad og Therese Ulvo
Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad
Gunilla Süssmann og Therese Ulvo
Gunilla Süssmann & Therese B. Ulvo 

Nærare musikken, folkene og naturen
Velkomen inn i bobla vår

Les også...

This is your Team section. It's a great place to introduce your team and talk about what makes it special, such as your culture and work philosophy. Don't be afraid to illustrate personality and character to help users connect with your team.

cropped-cropped-UF-logo-1.png
385905029_996656758089630_956591037437318720_n.jpg
vestland-fylkeskommune_rgb.jpg
bottom of page